Multipleks design er eit mikrobyrå som leverer grafiske formgjevingstenester til faste prisar.

Kom i gang

Multipleks design er i all hovudsak éin person – Kristen Børje Hus. Eg fungerer som eit uavhengig mikrobyrå, og fylgjer kundane mine frå den første samtalen til det ferdige produktet er levert – og litt til.

Eg ynskjer mindre støy og klarare kommunikasjon. Med gjennomtenkte idéar, sterk typografi og presist språk lagar eg nettsider, bøker, blader og andre trykksaker til alle føremål.

Ta gjerne kontakt og fortel meir om prosjektet ditt.

Tenester

Eg set opp nettsider, lagar bøker, blader og akademiske rapportar. Eg arbeider fram logoar og visuelle profilar, handterer digitale publikasjonssystem og har ei god språkkjensle. I heile tatt så er eg ein kommunikasjonsmedarbeidar med gode idéar som kan pluggast inn i prosjektet ditt og brukast der du har behov for ymse design- og marknadsføringstenester.

Oppsett og drift av nettsider

Alt på ei side? Mange undersider? Artiklar og databasar? Det kan eg ordna! Og når nettsida er klar tek eg hand om å justera, oppdatera og finpussa – alt inkludert i eit rimeleg månadsabonnement.

Sjå planar

Abonnér på ein designer!

I staden for at du skal oppretta ei intern prosjektstilling eller leita etter eit fullskala designbyrå og setja i gang lange anbodsprosessar, kan du enkelt oppretta ein abonnementsplan på formgjevingstenester frå Multipleks. Prisane er tydelege og vi kan koma i gang med arbeidet same dag. Du vel sjølv kor lenge du vil halda på planen.

Slik fungerer det

1. Du teiknar ein plan, får tilgang til digitale verktøy og kan oppretta designoppgåver med éin gang.
2. Eg skisser og leverer utkast
3. Du vurderer og korrigerer – og vi arbeider fram til vi er nøgde.

Når prosjektet er ferdig kan du seia opp abonnementsplanen, eller du kan halda den gåande og bruka meg til neste prosjekt. Du kan også pausa planen og kjapt komma i gang med meir formgjeving ved neste høve.

abonnement på designtenester

Kom i gang i dag

Multipleks design leverer løpande formgjevingstenester. Abonnér i dag, sei opp når som helst.

kr. 20 000,–
per månad

Løpande formgjevingstenester

Oppstart
Skisser
Korrektur
Revisjonar
Ferdig leverte filer
Asynkron kommunikasjon
Abonnér
Beløpet blir trekt frå bankkortet ditt. Avtalen løper til den vert sagt opp, og då ut neste månad. Alle prisar er utan mva.
I tenkeboksen? Slå av ein prat for å finna ut kva du treng og kva eg kan gjera.

Spørsmål og svar

Er du tilgjengeleg heile tida?

Multipleks er eit skybasert mikrobyrå som arbeider effektivt og fokusert. Som eit prinsipp unngår eg lange møte, telefonsamtalar og stadige avbrot frå det djupe arbeidet. Vi avtalar når vi skal halde korte videomøte og held ein løpande dialog gjennom digitale verktøy. Det er det same med oppdrag og oppgåver: oversikt og status er alltid tilgjengeleg i verktøy der alle som arbeider i prosjektet kan oppdatera og kommentera – når det passar dei. Slik rullar prosjektet framover utan for mykje støy.

Kor mange timar får eg for pengane?

Eg sel ikkje timar, eg sel tenester. Sidan eg sjølv styrer arbeidsdagen min og jobbar fokusert får du mykje valuta for pengane.

Kva skil Multipleks frå eit fullskala designbyrå?

Eg er liten, fleksibel og kjapp i vendinga. Eg unngår ein del «byråprat» og langtekkelege prosessar og fokuserer på å komma i gang med arbeidet. Og så er eg mykje rimelegare.

Kva skil Multipleks frå ein deltidsansatt?

Du slepp å ha nokon i ei deltidsstilling som kjem innom kvar måndag, og difor krev underhald akkurat då. Du held kontakten med meg når det passar, og eg jobbar på beste måte i løpet av veka.

Kontakt

Har du spørsmål eller vil ta ein drøs om prosjektet ditt kan du senda meg ei melding her, eller finna ei tid i kalenderen til eit kort videomøte. Vi høyrest!

E-post

Mange takk, meldinga di er sendt!
Oi då, noko gjekk gale under innsendinga av skjemaet.

Videosamtale

Finn ei ledig tid i kalenderen her.

Reservér tid