Omslaget på boka Godt vaksen.

Godt vaksen

Kvinnheringar fortel og reflekterer over livet

Godt vaksen er ei bok om eldre kvinnheringar, og deira historiar. Boka inneheld intervju med 12 kvinner og menn frå ulike delar av Kvinnherad, alle over 90 år. Dei fortel om liva sine; frå tidlege barneår, ofte i tronge økonomiske kår, til dei no er komne til skils år og alder. I samtalane med dei eldre prøver skribent Kristian Hus å få fram kva dei tenkjer om det som ligg bak dei, korleis dei vil ha det framover, og om det uunngåelege for oss alle; slutten.

Kvar tekst vert akkompagnert av nye portrettfoto, samt små glimt frå kvardagen til dei eldre, som den er no. 

Multipleks design leverer foto og grafisk design til prosjektet, og står som utgjevar.

Godt vaksen er boka for deg som er nysgjerrig på livet før og no. 12 eldre kvinnheringar fortel om eigen oppvekst og sitt lange liv. Du får vita korleis ein heil generasjon måtte klara seg i tjue- og trettiåra og inn i vår moderne tid. Gjennom desse historiane får du også refleksjonar over livet på godt og vondt. Du får tankar om menneskelege verdiar og meiningsfulle liv, men også om saknet etter sine næraste og tankar om den siste tida her på jorda.

Godt vaksen er om kvinner og menn over 90 år, men boka bør vera like spennande for unge som gamle. Nye generasjonar har venteleg glede av å lesa om korleis besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen i Kvinnherad har hatt det gjennom oppveksten sin – og om kva tankar dei har om livet rundt seg. Dei av oss som har nokre år på baken, vil kjenna oss att i mykje av det dei eldre fortel om. Vi har alle godt av å bli minna om det livet har å by på.

Det er personlege historiar om 12 kvinnheringar vi får ta del i. Men dei er like fullt så generelle at også vi utanom slekta og venekrinsen deira, har glede av å lesa forteljingane. Godt vaksen er ei bok som alle vil finna leseglede i. 

I tillegg til dei 12 historiane, har vi også funne plass til tre essay. Mellom anna får vi høyra om ein 19-åring sine tankar om livet.

Godt vaksen er laga av Kristian og Kristen Børje Hus. Saman har dei lang erfaring frå medie- og designbransjen. Denne boka har gitt far og son ei minnerik ferd blant godt vaksne menneske.

Boka kom ut 29. oktober 2015. 

Boka Godt vaksen er utseld

 I dagane før jol 2015 sende vi dei siste bøkene våre ut frå lageret vårt, og ikkje lenge etter blei også butikkane tomme. Vi er audmjuke for korleis bokprosjektet vårt vart teke i mot, og takkar alle som har vore med på å lage boka, og alle som har kjøpt og lese ho.

Vi oppsummerer:

Idéen om ei bok med intervju med eldre personar kom til under ein eller annan familiedrøs, og blei plutseleg pusta liv i då Kristian ringde Kristen Børje ein tidleg dag i januar 2015 og spurte om han ikkje kunne kome frå Bergen til Rosendal for å fotografere, neste dag. Med eitt var vi i gong, og utover året gjekk det slag i slag med intervju, fotografering, formgjeving og førebuingar. Då boka kom frå trykkeriet i slutten av oktober, byrja arbeidet med utkøyring, framvising, handtering av tingingar og utsendingar. Det vart litt meir jobb med å gje ut bok enn vi hadde trudd, men sanneleg var det givande!

Tekstane var intervju med tolv eldre kvinnheringar om korleis dei voks opp, korleis livet deira var, heilt fram til no. Dei fekk snakka om verda utifrå sine perspektiv, om endringar, om glede og om sorg. Mykje blir sagt, og mykje forblir usagt i tekstane.

Tre skribentar i ulike livsfasar skreiv også om sine syn på det å verte eldre.

Bileta i boka syner alle i bustadene sine. Alle har eit portrett eller to som dekkjer ei heil side. Eit andlet, opplyst og sentrert. I tillegg er det ei rekkje mindre foto av miljøet dei er i; små detaljar, ei hand, ein vegg, reiskaper, ein fjord. Ting som er ting i seg sjølve, men som også er ein del av historia til kvar person.

Designet av boka er luftig og tilgjengeleg. Det er klare overgongar mellom dei tolv portretta, lesaren blar over for å bli introdusert til den neste personen med namn og bilete. I tillegg bryt dei tre essaya opp undervegs, og markerer nokre skilje å forhalde seg til. Typografien er klassisk, rein, luftig. Omslaget er nokså abstrakt, men formar av sola som står opp og går ned i horisonten, representerer livsreisa, reisa frå morgon til kveld. Sola kjem også att som opning og avslutning inne i boka.

Som del av synleggjeringa av boka var Kristen Børje til stades på Sydvest bokfestival i Etne, der han presenterte prosjektet og fekk snakka med folk. Kristian var rundt om i Kvinnherad på fleire tilstellingar; jolegrantenning i Sæbøvik, i Mauranger, Husnes og i Uskedalen. Mange helste på og fekk kjøpt med seg boka. Han fekk òg fortelja om boka på Eldredagen i oktober.

Salet gjekk altså godt for oss, og heile opplaget gjekk ut i dagane før jol. Vi trykte 600 bøker, noko som viste seg å vere i minste laget, når vi ser kor stor etterspørselen var. Å gje ut bok er å gisse. Vi visste ikkje kor stor interessa ville vere, og heller ikkje kor mange som faktisk kom til å kjøpe boka. Vi sonderte terrenget og høyrde med andre forfattarar, utgjevarar, bokhandlarar og boklesarar for å få ein peikepinn på kor mange bøker vi burde trykke opp. Vi ønskte ikkje å sitje med eit lager fullt av uselde bøker, samtidig som vi ville «ta godt i» for denne typen lokale bøker. Vi enda opp med 600 eksemplar. Dei vart forseinka frå trykkeriet, men boka kom likevel ut i butikkane tidsnok til å nå eit godt førjols- og jolesal. Då lageret gjekk tomt rett før jol, kunne vi tenkt oss nokre hundre bøker til på hand – men kanskje traff vi rimeleg bra? Vi er i alle fall takksame overfor dykk som kjøpte Godt vaksen!

Og takk til de som har gjeve oss gode råd på vegen, og meint noko. Takk til lokalavisene Kvinnheringen, Grenda og andre aviser, bloggar og nettstader som har omtalt prosjektet. Takk, Sydvest bokfestival for at vi fekk vise oss fram. Takk, Kvinnherad Libris og Rosendal bokhandel for gode råd, god handsaming og hjelp. Takk, Spar Uskedal, Spar Sæbøvik, Nye Fjelberg Landhandel, Spar Hatlestrand og Nærbutikken Tørris Wågen i Åkra for at de ville selje boka vidare. Takk, Røde Kors Omsorg for at de kjøpte mange bøker til aldersheimane i kommunen. Takk, Geir K. Hus for gode synspunkt, rettleiing, korrekturlesing og råd om marknadsføring. Takk, alle de som har kjøpt og lese boka, snakka om ho og tilrådd andre å sjå i ho. Takk, alle de eldre, som takka ja til å vere med, fortelje historiar og bli fotografert. Takk for det livet de har levd, børa de har bore, slitet de har hatt, og opplevingane de har skapt og delt.

Om de har synspunkt på korleis vi gjorde ting, korleis de som lesarar opplevde tekstane, bileta og designet i boka, er vi takksame om de vil gje oss ei tilbakemelding her eller der. Vi tek alt med oss vidare på vegen.

Vi er i gong med neste prosjekt – meir informasjon om dette kjem snart.

Audmjukt,
– Kristian Hus og Kristen Børje Hus

  Forfattaren i samtale med Bjørg Hellesøy (96) frå Løfallstrand.

Forfattaren i samtale med Bjørg Hellesøy (96) frå Løfallstrand.

  Karl Landro på Sæbøvik er ein av mennene i boka.

Karl Landro på Sæbøvik er ein av mennene i boka.

Om forfattaren:
Kristian Hus

Mangeårig mediamann, med erfaring frå blant anna Kvinnheringen, Svalbardposten og NRK. Seinare aktiv med digitale medier, både med innsida.no og HusnesNett.no. I dag kjem han med tekstar og glimt på nettstaden skimtvis.net.

Om fotografen:
Kristen Børje Hus

Arbeider som grafisk designer i Bergen, som Multipleks design. Likar kreative prosjekt i ymse former, og ser stadig etter nye utfordringar. Foto-entusiast og typografi-fantast.