Frå heim til heim

Blikk på eldreomsorga i Kvinnherad

Ei ny bok ser nærare på livet ved aldersheimane i Kvinnherad. Boka er no til sals hjå bokhandlarar og mange butikkar rundt om i kommunen.

Skribent Kristian Hus og sonen Kristen Børje, som er fotograf og grafisk designar, gav i 2015 ut boka Godt vaksen, som blei ein bestseljar i Kvinnherad. I boka var det portrett av tolv eldre over 90 år i kommunen. No kjem dei med oppfølgjaren; Frå heim til heim, der dei også denne gang ser på livet til nokre av dei eldste blant oss. Men i år har dei gått inn på alle alders- og sjukeheimane, og sett nærare på kvardagen der. Vi får høyra frå bebuarar om livet på heimen, men òg frå pleiarar, leiarar, pårørande, friviljuge og andre, som meiner noko om institusjonane. 

Mange av dei eldre bur gjerne på ein alders- eller sjukeheim – og avsluttar ofte livet der. Alle kjenner vi nokon som bur på ein slik heim, enten i nær familie eller litt lengre unna. Men få av oss veit noko særleg om buforholda, arbeidsoppgåvene, stemninga, middagane, underhaldninga, politikken og økonomien. Frå heim til heim freistar å kasta eit lite blikk på desse temaene, og utfordrar oss til å tenkja over korleis dei eldre bør ha det.

Frå heim til heim er ei reise frå éin type heim til ein annan.

Frå heim til heim er også ei reise frå ein alders- eller sjukeheim i éi bygd til den neste. Vi er innom Husnestunet, Halsnøytunet, Rosendalstunet, Ølve alderspensjonat, Varaldsøy aldersheim og bufelleskapet Utåker eldresenter. 

Om du vil ha oppdatert informasjon om bokprosjektet, følg oss gjerne på Facebook: https://www.facebook.com/multipleksdesign/

Med beste helsing
Kristian og Kristen Børje Hus

18.10.2016

Tlf. 995 20 864 (Kristian)
kristian.hus@knett.no

– Eg er ikkje nokon skitunge lenger, seier Karoline Lygre på Halsnøytunet. Ho nærmar seg 90 år og føretrekkjer å bli sett på som ei godt vaksen dame. I dag bur ho på Halsnøytunet, saman med rundt 35 andre godt vaksne sambygdingar. I denne boka får du vita korleis Karoline og mange andre kvinnheringar har det når dei blir så pass gamle og skrøpelege at dei ikkje kan greia seg sjølve og bu heime lengre. Då går gjerne turen til ein av alders- eller sjukeheimane i kommunen. 

Frå heim til heim gjev oss eit godt innblikk i korleis kvardagen er på desse heimane. Mange av oss har familie, vener eller kjensfolk buande her delar av livet sitt. I boka får vi helsa på mange av dei som bur her, forutan dei som arbeider på heimane eller som gjennom friviljug arbeid gjer kvardagen til dei gamle litt betre.

Frå heim til heim er ein oppfølgjar av Godt vaksen, som kom ut hausten 2015. Sjølv om nokre av historiane er bygd over same leist, får vi no eit langt betre innblikk i eldreomsorga i Kvinnherad. Det trur vi både unge og gamle har godt av å lesa om. Det handlar om å bry seg om folk rundt oss. 

Dessutan vil debatten om korleis det offentlege skal bidra til at seniorane har det godt, fortsetja i åra frametter. Vi håpar og trur at denne boka gir eit nyttig og spennande innblikk i korleis dei gamle sjølve opplever livet på alders- og sjukeheimane.

Boka er skriven av Kristian Hus, som har lang erfaring frå mediebransjen og som også har hatt ei rekke verv innan organisasjons- og næringslivet i Kvinnherad. Bileta er stort sett tekne av Kristen Børje Hus, som også har gjort den grafiske formgjevinga av boka. Gjennom arbeidet har far og son Hus fått nye, sterke og gode møte med ulike skjebne og livserfaringar.


Frå Husnestunet. Foto: Kristen Børje Hus

Frå Husnestunet. Foto: Kristen Børje Hus

Irmelin Rose Graave og Bjarne Røssland på Heimly på Varaldsøy. Foto: Kristian Hus

Irmelin Rose Graave og Bjarne Røssland på Heimly på Varaldsøy. Foto: Kristian Hus

Namn: *
Namn:

Kjøp av boka

Boka skal vere å få kjøpt ved følgjande salsstader:

Kvinnherad Libris, Husnes
Rosendal bokhandel
Spar Uskedalen
Spar Sæbøvik
Spar Hatlestrand
Varaldsøy handel
Nærbutikken i Åkra
Joker Ølve
Fjelberg landhandel

Bur du ikkje i Kvinnherad, eller av andre grunnar ynskjer å tinge boka på nett, kan du også tinge ho ved å nytte skjemaet her eller sende oss ein e-post. Boka kostar då 369 kroner pluss frakt, som normalt er kr 93,75 for éi bok, totalt kr 462,75. Du vil få tilsendt faktura for dette. 

Om forfattaren

Kristian Hus

Fødd og oppvaksen i Rosendal. Var med og etablerte trykkeri på Husnes i 1965 då industrireisinga var i gang.

Mangeårig mediamann, med erfaring frå blant anna Kvinnheringen, Svalbardposten og nrk Hordaland. Seinare aktiv med digitale medier, både med Innsida og HusnesNett. I dag kjem han med tekstar og glimt på nettstaden skimtvis.net.

Dette er den andre boka han har skrive. Den første var Godt vaksen (2015).

Hus har hatt ei rekke verv innan organisasjons- og næringsliv, og har også fleire periodar i kommunestyret bak seg. Han har òg vore leiar i Kvinnherad eldreråd og fekk gjennom dette arbeidet ideen til bøkene.

Om fotografen

Kristen Børje Hus

Fødd og oppvaksen på Husnes, men har i vaksen alder ført livet i meir urbane strok. Arbeider som grafisk formgjevar i Bergen, stundom under namnet Multipleks design. Likar kreative prosjekt i ymse former, og ser stadig etter nye utfordringar. Typografi- og foto-entusiast. 

Dette er den andre boka han har vore med å laga, den første var Godt vaksen (2015)

Vita Øyerhamn og Ivar Mork på Heimly på Varaldsøy. Foto: Kristian Hus

Vita Øyerhamn og Ivar Mork på Heimly på Varaldsøy. Foto: Kristian Hus