E134 Haukelivegen
Mat, natur og kultur mellom øst og vest

Dette er boka for deg som er glad i å oppdage meir av landet ditt. Du får vere med på ein spennande biltur på E134 Haukelivegen, der vi gleder oss over mat-, natur- og kulturperler langs vegen.

Den nye boka om E134 Haukelivegen er for deg som har reist, eller gjerne vil ta turen på strekninga som har knytt folk i øst og vest saman gjennom alle tider. I tillegg til ei historisk reise, ser vi også litt framover i tid. Aller mest er dette boka om livet langs vegen i dag, som vil inspirere deg til å stoppe når du er ute på tur.

Den første kjørevegen over Haukelifjell var ferdig i 1889. Dagens heilårsveg er 50 år. Boka er ein hyllest til alle dei som har kjempa for å få ein god veg mellom landsdelane i Sør-Norge gjennom tidene. Samtidig er boka ei stor takk til dei som held liv i mattradisjonar, kulturlivet og naturlandskapet langs E134 i dag.

Dette er Geir K. Hus si første bok. Hus er utdanna pressefotograf, har vore journalist og redaktør, og arbeider no i Landslaget for lokalaviser (LLA). Han er glad i både mat, drikke, naturen og lokalmiljøet. Forfattaren er frå Vestlandet, men bur med familien sin på Østlandet. Velkommen med på turen mellom øst og vest.

Dette er en må ha-bok for alle som ferdes langs E134.
— Mette Bleken, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis
Langs vegen gjer forfattaren ei rekkje stopp der han også rettar blikket mot kulturelle og gastronomiske høgdepunkt.
— Irene Mæland Haraldsen, Grannar
E134 Haukelivegen bokbilde.jpg
Over 254 sider, fulle av velskrivne artiklar og flotte fotografi, presenterer han historiske stader, flott natur, kulturhistorisk spennande bygningar og verksemder og ikkje minst menneske langs vegen.
— Gro Birgitte Røiland, Bø blad
Dyrskar-før-00105868.jpg
DSCF9054.jpg
Avaldsnes23.jpg
Del2_21-Per-Helge-Slåtta.jpg
Uansett tror jeg boka gir masse fin innsikt i en av landets viktige transportruter, som har bundet øst med vest i alle tider.
— Torild Moland, Magasinet Reiselyst

Boka er ei vakker og nokså påkosta gåvebok som venteleg vil vere til inspirasjon og hygge. Boka er på over 260 sider i formatet 28 x 22 cm og har mange nye og gamle bilde – og ein del tekstar. Ho passer også godt som bedriftsgåve til forretningsforbindelser og tilsette. Også kommunane langs vegen vil kunne ha stor glede av boka som gåve til samarbeidspartnarar.

Boka kostar 449 kroner, men bedrifter og organisasjonar som kjøper eit større opplag, kan innrømmes litt rabatt. Ta kontakt med forfattaren for pristilbod. Send ein epost til geirhus@me.com, eller ta kontakt med Geir K. Hus på telefon 452 89 333. Du kan også bruke bestillingsskjemaet her på nettsida vår.

Privatkundar som skal ha éi bok, kan også bruke bestillingsskjemaet og få boka tilsendt, men det kjem portokostnader på minst 100 kroner i tillegg. For privatkundar er det nok derfor minst like bra å spørre etter boka hos bokhandlaren din. Alle bokhandlarar får tak i boka gjennom Forlagssentralen i løpet av to-tre dagar.

I tillegg til mange bokhandlarar, er Haukelivegen-boka også til salgs hos mange butikkar, vegkroer, bensinstasjonar og andre gode stoppestader langs E134 Haukelivegen: Eiker ølfabrikk i Mjøndalen, Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg, Elgsjø Kafe & Brukthandel ved Elgsjø/Notodden, Cirkle K Heddal, Heddal stavkyrkje/Prestegardslåven, Joker Hjartdal, Nutheim Gjestgiveri i Flatdal/Seljord, Joker Flatdal, Sjøormen Kro i Seljord, Morgedal Hotell, Coop Marked Morgedal, Norsk Skieventyr i Morgedal, Høydalsmo vegkro og Cirkle K Høydalsmo, Vinjebue og Heimat i Åmot, Mjonøy bakeri og camping, Spar Haukeli, Hus & Heim i Haukelitunet Vest, Joker Haukeligrend, Vågslidtun Hotel, Arbuvollen Fjellbutikk, Haukeliseter fjellstue, Vetlelia Café overfor Røldal, Coop Røldal, Shell Røldal, Skysstasjonen Kro og Camping i Røldal, Røldal Hyttegrend, Røldalsterassen, Langfoss kiosk, Åkrafjordtunet på Teigland, Shell Ølen og Shell Knapphus bensinstasjon. Du finn også boka hos Joker Skarsmo, Krambua i Skånevik, Interflora Skånevik, Spar/Sæbøvik Mat, Sæbøvik Gåver & Leiker på Halsnøy, Fjelberg Landhandel på Borgundøy/Fjelberg, M/F Kvinnherad mellom Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn, M/F Sveio mellom Sydnes-Utbjoa-Borgundøy/Fjelberg, Fenaknoken i Oslo og Norsk vegmuseum på Fåberg/Lillehammer.  

Du kan følgje bokprosjektet på Facebook her.

Ha eit godt nytt bok-år!

Beste helsing
Geir K. Hus

Bestillingsskjema

Innhaldsliste

Mat, natur og kultur mellom øst og vest
Kortversjonen
Starten på vegen: Drammen
Det økologiske bryggeriet
Mjøndalsbrua
Kunst i rundkjøringen
Juletre-gården
En historisk tur i Kongens gruve
Den staselige jernbanebrua
Det lille røde huset ved Elgsjøen
Bluesbyen og verdensarven
Norges største stavkyrkje
Det gamle spinneriet og mølla
Den vakraste utsikten
Fredfulle Nutheim Gjestgiveri
Kultur mellom aust og vest
Is frå verdas vakraste ku
Flatbrødbakarane
Skieventyret i Morgedal
«No ser eg atter slike fjell og dalar»
Bollar og brød
Halvvegs til Haugesund
Bonden
Biltransportøren
Mat og husly 1 000 meter over havet
Geitebønder tar vare på tradisjonane
Brøytegutta på Haukelifjell
Veteranane på Midtlæger
Gamlevegen gjennom Dyrskar
Den historiske reisa mellom aust og vest
I ekspressfart over fjellet
Pilegrimsvegen til Røldal
Eit minne for livet
Postveg og nasjonalskatt
Bilvegen som erstatta sjøvegen
Spekemat i fem generasjonar
Lokal mat og internasjonale opplevingar
Spor etter mektige tider
Laks og konjakk
Frå vikingar og sild – til industri og handel
Sildeeventyret som held fram
Brua over Karmsundet
Nordvegen og Norges eldste kongesete
Vegen framover
Litt tall og statistikk
Kjelder og gode hjelparar som fortener takk

Presiseringar og rettingar

Sjølv om eg har fått svært mange lovord og hyggelege helsingar etter at den nye boka om E134 Haukelivegen kom ut, har eg også, nesten som venta, gjort meg skuldig i nokre mindre feil og upresise formuleringar. Eg har heldigvis fått vite om denslag frå flittige lesarar, noko eg set stor pris på. Her har eg gleda av å rette opp i mine feil.

Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2-2.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2_3.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2_3_4.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2_3_4_5.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2_3_4_5_6.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2_3_4_5_6_7.jpg
Plus-Book-8001-2017-10-15_1_2_3_4_5_6_7_8.jpg