Skreddarsydd typografisk formgjeving som lyfter innhaldet i trykte bøker & publikasjonar – for ein fast månadleg pris.

Vi hjelper utgjevar, universiteter, institusjonar og verksemder med å raskt gjere om innhaldet deira til tiltalande trykksaker.
utforsk planane våre

Ditt mikrobyrå for vakre trykksaker

Imprimatur studio (tidlegare Multipleks design) er i all hovudsak éin person – Kristen Børje Hus. Eg fungerer som eit uavhengig mikrobyrå, og fylgjer kundane mine frå den første samtalen til det ferdige produktet er levert – og litt til.

Eg ynskjer mindre støy og klarare kommunikasjon. Med gjennomtenkte idéar, sterk typografi og presist språk lagar eg nettsider, bøker, blader og andre trykksaker til alle føremål.

Ta gjerne kontakt og fortel meir om prosjektet ditt.

Tenester

Eg lagar bøker, blader og akademiske rapportar. Eg arbeider fram logoar og visuelle profilar, handterer digitale publikasjonssystem og har ei god språkkjensle. I heile tatt så er eg ein kommunikasjonsmedarbeidar med gode idéar som kan pluggast inn i prosjektet ditt og brukast der du har behov for ymse design- og marknadsføringstenester.

Abonnér på ein designer!

I staden for at du skal oppretta ei intern prosjektstilling eller leita etter eit fullskala designbyrå og setja i gang lange anbodsprosessar, kan du enkelt oppretta ein abonnementsplan på formgjevingstenester frå Imprimatur. Prisane er tydelege og vi kan koma i gang med arbeidet same dag. Du vel sjølv kor lenge du vil halda på planen.

Slik fungerer det

1. Du teiknar ein plan, får tilgang til digitale verktøy og kan oppretta designoppgåver med éin gang.
2. Eg skisser og leverer utkast
3. Du vurderer og korrigerer – og vi arbeider fram til vi er nøgde.

Når prosjektet er ferdig kan du seia opp abonnementsplanen, eller du kan halda den gåande og bruka meg til neste prosjekt. Du kan også pausa planen og kjapt komma i gang med meir formgjeving ved neste høve.

Kva skil Multipleks frå eit fullskala designbyrå eller ein tilsett?

Eg er liten, fleksibel og kjapp i vendinga. Eg unngår ein del «byråprat» og langtekkelege prosessar og fokuserer på å komma i gang med arbeidet. Og så er eg mykje rimelegare.

Du slepp også ha nokon i ei deltidsstilling som kjem innom kvar måndag, og difor krev underhald akkurat då. Du held kontakten med meg når det passar, og eg jobbar på beste måte i løpet av veka.

Er du tilgjengeleg heile tida?

Imprimatur studio er eit skybasert mikrobyrå som arbeider effektivt og fokusert. Som eit prinsipp unngår eg lange møte, telefonsamtalar og stadige avbrot frå det djupe arbeidet. Vi avtalar når vi skal halde korte videomøte og held ein løpande dialog gjennom digitale verktøy. Det er det same med oppdrag og oppgåver: oversikt og status er alltid tilgjengeleg i verktøy der alle som arbeider i prosjektet kan oppdatera og kommentera – når det passar dei. Slik rullar prosjektet framover utan for mykje støy. Slik leverer eg kjappare og betre.

I tenkeboksen?

Har du spørsmål eller vil ta ein drøs om prosjektet ditt kan vi slå av ein prat for å finna ut kva du treng og kva eg kan gjera. Vi høyrest!